Karttenester og oppmåling
Hareid kommune sitt kartverk er digitalt, konstruert i hht. SOSI-standarden.
I tillegg til grunnkartet, har vi digital kommune-, avløps- og reguleringsplanar. Det vart i juni 2006 teke ortofoto over heile kommunen. Vi har etablert mange typar temakart, til nytte både innad i kommunen og for eksterne brukarar. Vi har temakart som spenner frå registrering av biologisk mangfald til rodekart.
Kommunen nyttar også kartverket til å utføre analyser mot diverse kommunale register. Dette gjer at vi får auka nytteverdien og kvalitetssikra eksisterande arkiv.
I oppmålingssaker er kommunen ein nøytral instans der offentlege organ og privatpersonar kan få hjelp og bistand til dei fleste oppmålingsarbeid og spørsmål. Etter rekvisisjon for oppmåling, eventuelt frådeling m.v., gjer vi den formelle behandlinga etter plan- og bygningslova og utferdar målebrev.
Om du lurer på noko i samband med adresser, gatenamn, husnummer, areal, eigarar, fastmerker, frådeling, bortfeste av tomt, grensepåvisning, gards- og bruksnummer, målebrev eller er ute etter eit temakart, sjå etter i menyen til høgre om der er noko som kan gje deg svar.
Kommunen har gjort tilgjengeleg grunnkart, flyfoto, reguleringskart, og kart over ledige tomter på Sunnmørskart.
For turkart anbefaler vi friluftsportalen 
