|
Bigset barnehage Bigset barnehage – der latter, leik og læring går hand i hand
Kommunal barnehage i Bigset krins med 3 avdelingar som gir plass til barn i alderen 0-5 år.
Opningstider: 06.45-17.00 Besøksadresse: Skogvegen 7, Bigset Vest, Hareid
Kontakter Styrar/dagleg leiar: Randi Kvammen tlf. kontor 700 95 080/ mob. 481 34 866 e-post: bigset.barnehage@hareid.kommune.no
Avdeling Fantesnitten 0-3 år tlf. 700 95 081
Avdeling Pirliten 0-3 år tlf. 700 95 082
Avdeling Lurvelegg 3-5 år tlf. 700 95 083/ mob. 909 18 572
Barnehagen har ei hovudmålsetjing ”Omsorg gjennom latter, leik og læring” Dette er ein verdi vi i vårt daglege virke ønskjer å fremme blant barn og personale. Omsorg er handling og omtanke mellom to eller fleire personar, og den skal prege alle situasjonar i barnehagekvardagen og kome til uttrykk når barn leikar og lærer, i stell, måltider og under påkledning.
Kvalitet er eit viktig ord for oss i Bigset barnehage. Personalet har kompetanse om barn og barn si utvikling så vi kan rettleie og legge til rette for læring og utvikling på både sosiale og faglege område. Barndommen er ein verdi i seg sjølv, og barna har rett på respekt og anerkjenning for den dei er. Bigset barnehage kan tilby barna eit miljø prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Vi har eit støttende miljø som stimulerer nysgjerrigheit, vitebegjær og lærelyst. I leiken er det barna sjølve som har det meste av regien, men dei vaksne skal vere tilstades og sikre gode opplevingar og utvikling – inkludering i staden for ekskludering.
Barnehagen legg stor vekt på opplevingar ute i naturen, anten ein er eitt eller fem år. Men mengda og lengda på turen vert tilpassa alder og utvikling. Nærmiljøet rundt barnehagen gir mange moglegheiter for turar av ulik lengd og vanskegrad. Dei minste går gjerne berre 200m opp til ein liten leikeplass, medan dei eldste har ein sjølvlaga gapahuk i skogsvegen som er eit populært turmål. Lurvelegg er på utflukt med sekk og bålpanne minst to gongar i veka i heil eller mindre gruppe. Uteområdet til barnehagen byr også på motoriske utfordringar og oppmuntrar til variert leik. Vi har gapahuk og grue innom gjerdet som vert mykje nytta til matlaging ute, av alle aldersgruppene.
Barnehagen serverer alle måltida i barnehagen, unnateke dei som vil ete frukosten sin her. Dei må ta med frukost-matpakke. Vi legg vekt på eit sunt kosthald og serverer mjølk og frukt kvar dag i tillegg til brødmat. Ein dag i veka serverer vi varm lunsj/enkel middag.
Kvaliteten på tida ilag med barna er helt avhengig av kvaliteten på planlegging og vurdering, faglig oppdatering, utviklingsarbeid, samarbeid og rettleiing. Barnehagen har 5 planleggingsdagar pr barnehageår avsett til kursing, planlegging og evaluering. Då er barnehagen stengt for barna. I tillegg har vi personalmøter for heile personalgruppa utanom opningstida og eitt avdelingsmøte for den einskilde avdeling på dagtid i løpet av ei 14-dagars periode. Personalet deler då på å ha ansvar for barna på dei andre gruppene .
|
|
|
|