Byggesak
Plan- og bygningslova gjev reglar for kva type tiltak det er søkjeplikt eller meldeplikt for. Nokre mindre arbeid er fritekne for meldeplikt.
Nedanfor finn du ein oversikt over korleis lova skil mellom tiltak med omsyn til søknadsplikt og meldeplikt.
(Oversikt over tiltak som er fritekne frå søknad- og meldeplikt finn du i lenke til høgre.)
Alle som skal bygge i kommunen oppfordrast til å bruke ByggSøk-bygning til utfylling og innsending av søknadar og meldingar.
ByggSøk-bygning er gratis å bruke og hjelper deg til å få betre kvalitet på søknaden.
Klikk på ikonet her for å komme igang.
Byggearbeid det må søkjast om løyve for:
Som hovudregel krev Plan- og bygningslova § 93 at det vert søkt om løyve for byggearbeid og tiltak innanfor desse områda:
1. Bygningar, konstruksjonar og anlegg. Oppføring, tilbygg, påbygg eller plassering av varig,mellombels eller transportabelt bygg eller anlegg.
2. Vesentlege fasadeendringar.
3. Bruksendring. Vesentleg utviding eller endring av bruksområde for bygg.
4. Riving.
5. Byggtekniske installasjonar. Elektriske installasjonar, våtrom, berande konstruksjonar m.v.
6. Gjerde mot veg med høgde på over 1,5 m. Mot vegkryss må høgda senkast til 0,5 m.
7. Vesentleg Terrengingrep.
8. Veg og parkeringsplass.
9. Deling og samanslåing av grunneigedom.
Byggearbeid som det må meldast frå om:
Nokre mindre omfattande tiltak vert handsama etter enklare reglar, noko som gjev kortare sakshandsamingstid. Melding om tiltak skal vere handsama innan 3 veker.
Følgjande tiltak kan handsamast etter reglane om melding:
1. Oppføring, endring og reparasjon av driftsbygningar i landbruket. Sjå Plan- og bygningslova § 81. Dette gjeld også installasjonar i slike bygg. Husvære for seterbruk, næringsfiske eller skogdrift vert også rekna som driftsbygningar etter § 81.
2. Arbeid i tilknyting til mellombels, eller transportable bygningar, konstruksjonar og anlegg. Sjå Plan- og bygningslova § 85.
3. Mindre byggearbeid på bustad- og fritidseigedom. Døme: Sjå Plan- og bygningslova § 86 a). Vilkår: Tiltakshavar er ansvarleg for at byggearbeid som er er omfatta av reglane om melding vert utført i samsvar med Plan- og bygningslova med forskrift og gjeldande regulering.