Gå til hovedinnhold

ForsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Om Hareid

¤EPII_TITLE¤



















Hareid er ei av to kommuner på øya Hareidlandet. Her bur det i overkant av 4740 innbyggera.
Kommunen har tre bygder; det historiske Hjørungavåg, sjå bilder, ishavsbygda Brandal, sjå bilder, og bygda som har gitt namn til kommunen; kyrkjebygda Hareid sentrum, sjå bilder, og Hareidsdalen, sjå bilder.
Bilder frå Hareid_Arthur Hjørungdal
Hjørungavåg
I Hjørungavåg er vi på historisk grunn.I Snorre les vi om ”Slaget i Hjørungavåg” i år 986,då leidangshæren til Håkon Jarl slo den frykta jomsviking-hæren.Hjørungavågspelet vert ført fram utandørs om lag annankvart år. Det meste av Hjørungavåg ligg solvendt med fine buplassar.Rundt vågen er plassert nokre av dei største industribedriftene i kommunen. Overåsanden er kanskje den finaste badestranda på Sunnmøre.,like ved nasjonalmonumentet for slaget.

Brandal
Bygda Brandal er kjend som ishavsbygda med stor I. I 1898 la den første skuta frå Brandel ut på ekspedisjon til ishavet. Dette var starten på selfangsten frå Vestlandet.I 1981 vart ishavsmuseet opprette , med no over 1000 kvadratmester golvflate og over 600 gjenstandar.Ein tur til ishavsmuseet og festningsverket frå krigen , på Kvitneset,- er verdt å prioritere.

Hareid kommune har gode skular. Ein held no på å bygg ut ein større sentrumsskule.Kommunen har og full barnehagedekning.Også eldreomsorga er godt utbygd i kraft av eit nytt stort moderne senter.Og idrettsungdomen har nyss fått sitt i ei ny kunstgrasbane.Kulturlivet i kommune er elles mangfaldig, spesielt innan song og musikk .
Tema - info 
Helga Bøe-Grimstad , 10.10.2008 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Dokument 
Tema - rediger