Gå til hovedinnhold

ForsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Skjema - tabell 
Temaelement 

Tenestetorget

Her finn du fleire tema kor du som brukar har moglegheit til å få tilgang til kommunale tenester på eiga hand, anten det er snakk om tilgang til søk i biblioteket, fylle ut elektroniske skjema mv.

I menyen til venstre finn du ei oversikt over ulike tenestetilbod.
Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa gjer greie for behandling av personopplysningar som vert registrert når du bruker Hareid kommune sine tenester på
www.hareid.kommune.no eller når du vender deg til Hareid kommune på e-post.

Offentlegheit og sensitive opplysingar

Som offentleg organ er Hareid kommune underlagt offentlighetsloven. Det er derfor slik at alle kan be om innsyn i mange av dei dokumenta som blir til som følgje av den kontakten vi har med publikum. Men det betyr ikkje at alt er fritt tilgjengeleg eller vert lagt ut på internett. Opplysningar som er taushetsbelagte i medhald av lov eller forskrift, blir alltid skjerma slik at berre dei som skal utføre oppgåver i samband med søknaden, får sjå dei. Dei samla opplysningane gjer Hareid kommune i stand til å utføre sin saksbehandling knytt til din henvendelse. Dei innsamla opplysningane om deg registrerast og behandlast på same måte som om du hadde sendt din førespurnad på papir. Ved fleire av måtane du kan bruke for å få kontakt med oss, kan det være muleg for uvedkommande å få tilgang til informasjonen. Sensitiv informasjon bør du derfor bare sende i lukka postsending.

Vi vil at du skal føle deg trygg på at lover og reglar vert følgd ved bruk av våre elektroniske løysningar. Sikker behandling av informasjon vil til ei kvar tid kunne dokumenterast etter gjeldande bestemmelsar. Denne personvernerklæringen følgjer bestemmelsane i Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven) av 1.januar 2001 med tilhøyrande forskrift. Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa frå Hareid kommune, samtykkjer du til lagring av dei innsamla data om deg. Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte elektroniske skjema.
Hareid kommune er eigar av informasjonen som vert samla inn og er behandlingsansvarleg etter personopplysningsloven § 2. Det er den enkelte kommunalsjef som er behandlingsansvarleg overfor rådmann.

Du må aldri legge inn sensitive personopplysningar i digitale skjema. Med sensitive opplysningar forstår vi etnisk bakgrunn, politisk standpunkt, religiøs oppfatning, opplysning om straffbare forhold, helseopplysningar eller opplysningar om medlemskap i foreiningar.

Alle opplysningar som vert overført mellom din datamaskin og kommunens datamaskiner i skjemadialogar transporterast over en sikra linje. Internt har vi lukka system som handterar personopplysningar etter personopplysningslovens § 8.

E-post

Du kan vende deg til Hareid kommune gjennom e-post. Men tenk på at dette ikkje er nokon sikker kanal. I ein e-post bør du ikkje skrive noko som du ikkje ønskjer at uvedkommande skal få sjå. E-post blir behandla som andre dokument, det vil sei at dersom det er ein førespurnad vi skal gjer noko med, vil den bli journalført og lagra i vårt elektroniske journal- og arkivsystem. Vår journal inngår i offentleg elektronisk postjournal som er tilgjengeleg på internett, men søk gjennom søkjemotorar gir ikkje treff på namn som er registrert i denne journalen.

Tema - info 
Helga Bøe-Grimstad , 18.10.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Endre storleiken på teksten 
Mindre tekststørrelseStørre tekststørrelse
Dokument 
Tema - rediger