|
Brann og beredskap
Brannsløkketenesta er ein del av kommunen si brannordning og er ei lovpålagd oppgåve, jfr. §9 og 11 i brann- og eksplosjonsvernloven av 14. juni 2002.
Hareid brannvern har ein samla organisasjon på om lag 20 befal og brannkonstablar i deltidsstilling og ein branningeniør i fullstilling. Hareid brannvern har ein brannbil m/vasstank på 2500 l, ein tankbil med 11500 l vatn, naudsynt sløkkeutstyr, røykdykkarutstyr og utstyr for frigjering ved bilulukker. Vakthavande befal har eigen bil med eit visst minimumsutstyr. Administrasjonen i brannvernet består av brannsjef, varabrannsjefar (vaktbefal), og branningeniør med ansvar for beredskap og førebyggande arbeid. Hareid brannvern har 4 befal og 5 sjåførar som inngår i vakt i vekesturnusar. Brannvernet har i snitt 30-40 utrykkingar i året fordelt på bygningsbrannar, båtbrannar, gras- og lyngbrannar, automatiske brannalarmar, trafikkulykker m.v. Det er inngått avtala om gjensidig sløkkehjelp med Ulstein kommune Brannvernet er lokal førsteinnsats under aksjonar mot akutt forureining og har depot i sentrum av Hareid, med utstyr. Ved brann eller mistanke om brann, ring 110.

|
|
|
|