Ein reguleringsplan er ein plan som viser disponering av areal innanfor for eit avgrensa geografisk område i ein kommune. Ein reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som fastset arealbruk og rammer for disponering av grunn, vassdrag, bebyggelse og det ytre miljø og gjev grunnlag for avklaring av kva byggje - og anleggstiltak som kan gjennomførast i planområdet.
Ein reguleringsplan kan utformast som områderegulering eller detaljregulering, der kommunen etter søknad kan gi dele- og byggeløyve i tråd med føremåla i reguleringsplanen.
Områderegulering
Områderegulering blir brukt av kommunen der kommuneplanen sin arealdel krev det eller om kommunen ser at det er behov for å gjeve meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken. Områderegulering vert i hovudsak utarbeidd av kommunen.
Detaljregulering
Detaljregulering blir brukt av kommunen for å følgje opp vedteken arealdel i kommuneplanen og/eller eventuelle krav fastsett i ein vedteken områderegulering (Områdeplan). Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å kome med forslag om framlegg til detaljregulering for konkrete bygge- og anleggstiltak og arealendringar, og å få kommunen til å behandle og ta standpunkt til reguleringsspørsmål som blir teke opp i det private forslaget. Private forslag må innhaldsmessig følgje opp hovudtrekk i kommunen sin arealdel og gjeldande områdereguleringar.
Gjeldande planar
Store delar av areala i Hareid kommune er omfatta av godkjende reguleringsplanar. Planane, om lag 80 i alt, femner om større og mindre areal og er knytte opp mot eit digitalt planarkiv. Reguleringsplanar utarbeidde og godkjende dei seinare åra er vektoriserte. Resterande planar er scanna og georeferert inn i det digitale kartverket. Alle nye planar, reguleringsendringar og mindre endringar vert produsert som digitale vektorbaserte planar i samsvar SOSI-standarden. (SOSI = samordna opplegg for stadfesta informasjon.)
I vedteken kommuneplan – 2012-2024 – Arealdelen er opplista kva reguleringsplanar som framleis skal gjelde (reguleringsplanar som samsvarar med arealbruken i kommuneplanen), og reguleringsplanar der arealføremåla i kommuneplanen skal gjelde framfør reguleringsplanen. (reguleringsplanar der arealføremål i kommuneplanen ikkje er samsvarande).
Det digitale planarkivet til kommunen får du tilgang til via kommunen sin kartportal Sunnmørskart. Her må karttypen Reguleringsplan vere valt. På Sunnmørskart vil du også finne gjeldande føresegner og teiknforklaringar. Korleis få fram dette i Sunnmørskart finn du ved å klikke her.
Rettsverknad
Godkjent reguleringsplan er juridisk bindande for arealbruken innanfor reguleringsområdet.
Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for område og blir ved kommunestyret sitt eigengodkjenningsvedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Er ikkje bygge- og anleggstiltak heimla i privat reguleringsplan sett i gang fem år etter vedtak av planen, kan ikkje løyve til gjennomføring av planen gjevast utan nytt planvedtak. Etter søknad frå tiltakshavar kan planvedtaket bli forlenga med inntil to år om gongen. Der det innanfor fristen på fem år med eventuelle for lengingar er gjeve rammeløyve for tiltak, gjeld fristen på tre år for å starte å bygge.
Kommunestyret har tilgang til å foreta oreigning i medhald av reguleringsplan innan 10 år etter at planen er kunngjort.