Gå til hovedinnhold

Forsida > Skip Navigation LinksTenestetilbod Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Bustønad

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Bustønad er ein rett, og det er enkelt og ubyråkratisk å søkje. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som mottek og handsamar søknadane.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Alle som er over 18 år kan få stønad, med unntak av studentar utan born og personar i fyrstgongs- eller sivilteneste. Desse har eigne ordningar. Dei som bur på instutisjon (sjukeheim, aldersheim o.l.) kan heller ikkje søkje om bustønad.

Kriterium

Behovsprøving ut frå forholdet mellom buutgifter og husstanden si samla inntekt.

Alle i husstanden må etter folkeregisteret vere busett i bustaden. Søkjaren må ha fylt 18 år. Unntaket er om søkjaren har eigne barn.
Bustaden må vere godkjend for heilårs bruk og ha eigen inngang. Det er også krav til eige bad og toalett og bustaden må gi høve til kvile og matlaging.

Søknadsprosess

Rettleiing

Ta kontakt med servicekontoret for søknadsskjema og rettleiing.

Skjema

Søknadsskjema får du ved å kontakte servicekontoret eller her: Søknadsskjema bustønad

Søknadsfrist

Den 14. i kvar månad.

Lover og retningsliner

Tema - info 
Helga Bøe-Grimstad Sist oppdatert 19.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Tema - rediger