1 års-feiring av nybiblioteket! Laurdag 18. juni, kl. 11-12

Nybiblioteket har vore ope 1 år no og det skal feirast!

 

Då slår vi til med ein liten jubileumsfest tidleg på dag denne laurdagen. Arrangementet startar klokka 11. Tidspunktet er tidleg på dag grunna anna program i Hareid sentrum.

Denne timen kan du få med deg eventyrstund for dei minste ved ordføraren, barnekoret Vi-koret, intervju med dei tilsette på scena og overraskelse til borna.

Alt vert leia av vår kjekke, nye kulturkonsulent, Melinda Skeide.

Kaker og kaffi til alle som kjem innom biblioteket denne dagen!