1. desember: Positiv hurtigtest på Hareid barneskule

Ein elev i 3. klasse på Hareid skule har testa positiv på hurtigtest i dag.

 

Føresette til elevar på trinnet har derfor onsdag kveld fått hente hurtigtestar på skulen slik at dei føresette kan teste sine barn på trinnet i onsdag kveld og i torsdag morgon.

Førebels er det ikkje meldt om positive testar etter klassetestinga og testing av dei tilsette.

Barn under 18 år er friteke for karantene, men blir oppmoda om å teste seg når dei er nærkontaktar, slik som til dømes klassekameratar. Vi oppmodar likevel om varsemd med å delta i sosiale samanhengar før negativ hurtigtest er klar.

Ein positiv hurtigtest må stadfestast med laboratorietest. Du skal rekne deg som smitta og isolere deg sjølv om testen ikkje er stadfesta.

Den positive hurtigtesten på Hareid skule er førebels ikkje stadfesta med laboratorietest.

Her kan du lese meir om kva reglar som gjeld for karantene, isolasjon og testing.

Vi minnar om dei nye nasjonale smitteverntiltaka som blei innført denne veka. Det blir mellom anna råda til å nytte munnbind i ein del situasjonar der det ikkje er mogleg å halde avstand. Les meir om dette via denne lenka.

Elles: Test deg med hurtigtest om du får symptom på luftvegsinfeksjon. Då skal du også halde deg heime. Hurtigtest får du gratis frå smittebrakka ved gamle legesenteret mellom klokka 1230-1330 på kvardagar.