1. februar: Slik er dei nye koronareglane og -råda

No blir det ikkje avgrensinga på arrangementsdeltakarar. Karantene er også oppheva.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

- Den virusvarianten vi har no, gir mindre alvorleg sjukdom enn tidlegare varianter. Sjølv om mange blir smitta, blir færre lagt in på sjukehus. Vi er godt beskytta av vaksiner. Det gjer at vi no kan lette på svært mange tiltak, sjølv om smitta stig raskt, sa statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse tysdag kveld.

Frå tysdag kveld klokka 23 fjernar regjeringa ei lang rekke koronatiltak. Ein del reglar blir også til råd. Det trass i at dei forventar at 3-4 millionar nordmenn vil bli smitta av omikron før sommaren.

- No er vi i stand til å handtere smitteauken. Det er på tide å omstille oss og leve meir som normalt. I snart to år har vi fått høyre at vi skal vere redd for korona. Framover skal vi leve med viruset. Vi tek skte å å fjerne tiltaka heilt om utviklinga blir om lag slik vi ser føre oss, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol.

Det vil ikkje vere forskjell på vaksinerte og uvaksinerte i dei nye reglane, men regjeringa ber uvaksinerte om å vere forsiktige med store forsamlingar og stader det er vanskeleg å halde avstand. Det same rådet gjeld dei som har stor risiko for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset.

Her er dei nye reglane og råda:

Generelle råd:

  • God hand- og hostehygiene er viktig
  • Hald avstand til dei du ikkje bur med
  • Hald deg heime når du er sjuk
  • Test deg for covid-19 om du får symptom på luftvegssjukdom

 

Testing, karantene og isolasjon

Personar som er smitta av koronavirus skal isolere seg i 4 døgn.

  • Dersom du har symptom skal isolasjonstida gjelde frå symptomstart. Du må også ha vore feberfri utan febernedsettande i 24 timar
  • Dersom du ikkje har symptom, skal isolasjonstida gjelde frå prøvetakingstidspunktet.

Det er ikkje lenger krav til karantene, men anbefaling om testing.

Husstandsmedlemmar og andre tilsvarande nære:

  • Testing dagleg i fem døgn etter siste nærkontakt. Dersom du bur med den smitta og ikkje halde avstand, bør du teste deg også i isolasjonstida (totalt ni døgn).
  • Det blir anbefalt at husstandsmedlemmar av smitta nyttar munnbind innandørs på offentleg stad.

Øvrige nærkontaktar:

  • Testing dersom du får symptom.
  • Barn i barnehage og grunnskulealder bør berre testast ved symptom. Dette gjeld også barn som er husstandsmedlemmar.   

Testing bør skje med sjølvtest, men laboratorietest (PCR) kan også nyttast.

Registrering av sjølvtest:

  • Alle positive hurtigtestar skal registrerast i kommunen sitt registreringssystem. Lenke til det finn du her.
  • Er den smitta under 16 år eller har ikkje fått oppfriskingsdose med koronavaksine (3. dose) skal den positive sjølvtesten stadfestast med laboratorietest (PCR). Kontakt Hareid legesenter på 70 30 70 70 for å bestille.
  • Alle smitta må sjølv informere sine nærkontaktar.
  • Vi rår alle til å registrere smitte i Smittestoppappen.

 

Avstand og sosial kontakt

  • Hald 1 meter avstand til dei du ikkje bur med, eller er tilsvarande nære.
  • Råd om 1 meter gjeld ikkje for barn i barnehage og barneskule eller vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
  • Dei med risiko for alvorleg sjukdom frå koronaviruset og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, men ikkje isolere seg. Desse gruppene bør vere spesielt forsiktige med store forsamlingar og andre stader det kan vere vanskeleg å halde avstand.
  • Det er ingen råd om å avgrense talet på gjestar heime.
  • Luft godt i rom der du skal vere saman over tid med personar du ikkje bur med eller er tilsvarande nære.

 

Munnbind

  • Det er påbod (regel) om å nytte munnbind når det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur med. Reglane om munnbind gjeld på butikkar, kollektivtransport, kjøpesenter, serveringsstader og taxi.
  • Munnbindpåbodet gjeld ikkje på serveringsstader medan du sit med bordet eller på arrangement når du sit på fast, tilvist plass.

 

Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar

  • Organiserte idrett- og fritidsaktivitetar kan skje som normalt, både ute og inne og for alle aldersgrupper – også med kontakt der dette er naudsynt.
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

 

Barnehagar, skular og SFO

  • Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
  • Det vil i praksis seie at skular, barnehagar og vaksenopplæring skal drive på grønt nivå.
  • Rådet om jamleg testing i skular blir oppheva.

 

Arbeidsliv

  • Råd om 1 meter avstand og munnbind om avstand ikkje er mogleg.
  • Det er opp til arbeidsgivar å vurdere kor mykje heimekontor som er naudsynt på den enkelte arbeidsplass. I ei slik vurdering kan arbeidsgivar leggje vekt på sannsynet for smitte på arbeidsplassen og kor sårbar verksemda er for høgt sjukefråvær.
  • Råd om heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester som hindrar lovpålagte oppgåver retta mot barn, unge og sårbare gruppe. Til dømes skule og barnehage.

 

Arrangement og samankomster

  • Ingen deltakaravgrensing på private samankomster
  • Ingen deltakaravgrensing på offentlege arrangement, korkje ute eller inne.
  • Krav (regel) om at deltakarane skal kunne halde 1 meter avstand til husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære
  • 1-meter-regelen gjeld ikkje for publikum i kino eller teater som sit på plassane sine. Her er det ikkje naudsynt å la seter stå tome mellom publikum.
  • Det er også unnatak for enkelte grupper, mellom anna idretts- og kulturutøvarar, barn i same kohort i barnehage og skule.

 

Serveringsstader og sjenkestopp

  • Det er ingen krav til skjenkestopp.
  • Det er ikkje krav til bordservering
  • Serveringsstader skal sørge for at gjestar kan halde 1 meter til dei dei ikkje bur med
  • Serveringsstader skal ikkje leggje til rette for aktivitetar som naturleg fører til mindre enn meteren mellom gjestane.
  • Det er ikkje krav om registrering av gjestar
  • Det er krav om smittevernforsvarleg drift.