1.-trinn på Hareid barneskule i ventekarantene - 12 april

Ein lærar på skulen er sett i smittekarantene etter å ha vore i kontakt med ein smitta person i Ulstein.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  


Det fører til at heile fyrstetrinnet ved Hareid barneskule blir sett i ventekarantene.

Foreldre og føresette blir bedne om å hente barna i dag, måndag 12. april. Barna må bli heime frå skule til lærar har fått negativt svar på koronatesten som blei tatt i dag. 

Det vil bli heimeskule for elevane fram til testsvaret er klart. Det kjem sannsynlegvis ikkje før onsdag.

Foreldre og føresette blir informert gjennom skulen sine kanalar.

Smittetilfelle i Ulstein har mange nærkontaktar og fleire skuleklassar i Ulstein er også sett i ventekarantene. Les meir om dette tilfellet på Ulstein kommune sine heimesider.