10. desember: Sju nye smitta siste veka

Tre av dei er elevar ved ungdomsskulen.

 

- Vi ser no ei forventa auke på Hareid. Når vi får smitta inn på ungdomsskulen, må vi vere ekstra på vakt, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.Han oppmodar alle om å følgje dei gode smittevernråda: Hald avstand, bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand og hald deg heime og test deg om du har symptom.

Men ikkje minst: Vaksiner deg om du ikkje har gjort det enno.

Faktisk er Hareid kommune ein av dei aller dårlegaste i landet på vaksinedekning. Meir om det kan du lese her.

To av tilfella på ungdomsskulen vi  har tidlegare meldt om då dei testa positivt på hurtigtest. Den siste eleven hadde ikkje vore på skulen før vedkomande testa positivt. Det er elles ikkje kjend smitteveg inn til dei smitta elevane.

Vi har ikkje oppdaga meir smitte på ungdomsskulen etter massetesting av klassekameratane.*

Resten av smittetilfella:

  • To av dei andre smittetilfella er i familie med den eine skuleeleven.
  • Ein person smitta av sitt barn (tidlegare meldt smittetilfelle - elev på Hareid skule)
  • Ein vaksne person med ukjend smitteveg

Alle dei smitta var vaksinerte. Dei vaksne hadde fått to dosar, medan ungdomsskuleelevane hadde fått éin (slik planen er). Ingen av dei er alvorleg sjuke.

* Oppdatering 10. desember klokka 1407: Det er meldt om ein positiv hurtigtest på Hareid ungdomsskule fredag ettermiddag. Klassekameratar er bedne om å teste seg.