1000 stikk og fleire dosar kjem!

Fredag sette vi den tusande dosen med koronavaksine i Hareid kommune! Same dag fekk vi også den gledelege meldinga om at vi får fleire dosar enn venta komande veker.

Klikk for stort bileteHelsesjukepleiarane Wenche Relling og Siri Berntsen gjer seg klare til å vaksinere fredag 16. april. Denne dagen blei den tusande vaksinedosen sett i Hareid kommune. Ann Elin Skeide  

Over 800 personar i Hareid kommune har fått sin fyrste dose med koronavaksine i Hareid kommune. Over 250 har fått to dosar og er fullvaksinerte. Det betyr at vi har sett til saman over 1000 vaksiner i kommunen.

Fredag fekk vi også den gledelege nyheita at vi får endå fleire dosar enn fyrst meldt i veke 17. Den veka får vi 198 dosar mot 174 som vi meldte tidlegare. I veke 16 får vi 132 dosar. 

Alle desse er Corminaty-vaksinar (Pfizer). Pfizer har også meldt at dei kjem til å levere ganske mykje meir til Noreg i andre kvartal enn fyrst meldt. 

Har du spørsmål om koronavaksine? Få svar på vår koronaportal.