11. januar: Positive hurtigtestar på skular og 4 smitta sidan førre tysdag

Vi ventar ei auke i stadfesta smitta.

 

Ein elev i fyrste trinn har fått positiv hurtigtest måndag.

Føresette blei i dag tysdag, oppmoda om å teste barnet sitt før skulestart med hurtigtest. Vi kjem til å kome med same oppmoding til dei føresette på dette trinnet før skuledagen i morgon, onsdag.

Førebels har vi ikkje fått melding om positive hurtigtestar i etterkant av testinga tysdag.

Positiv hurtigtestar på andre trinn /skular:

Vi har også fått positive hurtigtestar på elevar på andre trinn på Hareid skule og Hareid ungdomsskule. Desse elevane har ikkje vore på skulen denne veka. Det har derfor ikkje vore naudsynt å masseteste elevane.

Elevane på desse trinna skal teste seg om dei får symptom, på same måte som alle andre.

Familiemedlemmar også testa positivt

På grunn av positive hurtigtestar også hos familiane til elevane nemnd ovanfor, har vi ikkje tru på at hurtigtestane er sokalla «falske positive». Elevane og familiemedlemmane har også symptom. Vi ventar derfor at laboratorietestane også vil vere positiv og at vi får stadfesta covid-smitte.

 

Fire stadfesta smitta

Situasjonen rundt dei fire med stadfesta, positiv laboratorietest i førre veke er avklara. Det er derfor ikkje naudsynt med meir informasjon om dei.

 

Hareid kommune rapporterer for tida berre smittetal ein gong i veka, og når det er behov for å varsle mange nærkontaktar.