12-15-åringane får vaksine neste veke

Alle 12-15-åringar i Hareid har fått tilbod om vaksine. Dei som har takka ja, får han måndag 20. september.

Pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Barn under 16 år må ha samtykke frå begge føresette før dei kan få koronavaksinen. Informasjon om vaksineringa og skjema for samtykke er sendt ut via skulane.

12-15-åringane skal i fyrste omgang berre få ein dose, då denne aldersgruppa har generelt god effekt av vaksinering.