12. november:  Éin person smitta denne veka

Sidan måndag har vi berre hatt eitt smittetilfelle med covid-19 i kommunen.

 

Vi har ein teori om at personen er smitta utanfor kommunen. Husstandsmedlemmen har førebels testa negativt og blir følgt opp med meir testing.

Vi har framleis lite koronasmitte i kommunen, men det tar seg kraftig opp i landet, og i til dømes Ålesund. Der har dei innført rådet om 1-meteren igjen.

Her på Hareid har vi per no berre følgande råd:

  • Hald deg heime når du har symptom på luftvegsinfeksjon og test deg.

Alle som har symptom på luftvegssjukdom bør sjølvteste seg ved hjelp av hurtigtest. Dei kan de hente gratis ved «testbrakka» oppe med gamle legesenteret mellom klokka 1230 og 1330. Dersom dette tidsrommet ikkje passar, kan de få hjelp av friske personar å hente på «nye» legesenteret på helsehuset i opningstida 08-15.Dersom hurtigtesten er positiv, må resultatet stadfestast med «vanleg» test (PCR). Det får du ved å kontakte Hareid legesenter på 70 30 70 70.