14. desember: Få oversikt over dei siste koronainnstrammingane

Det blir kraftige innstrammingar for fritidsaktivitetar, arrangement og serveringsstader.

 

– Smitten i Noreg aukar kraftig, og vi har nok fått ny kunnskap om omikron-varianten og kor raskt han kan spreie seg. Vi er inne i ein meir alvorleg situasjon. Regjeringa innfører derfor strengare tiltak for å halde kontroll på pandemien, sa statsminister Jonas Gahr Støre, på pressekonferansen då dei nye tiltaka blei lagt fram.

Her kan du lese heile talen og sjå pressekonferansen.

Vaksine blei også løfta opp som eit svært viktig tiltak. Har du droppa ein eller fleire dosar med koronavaksine? Les her!

Under følgjer ei oppsummering av dei nye råda og reglane. Vi oppdaterer også koronaportalen vår med desse så snart som råd.

Reglane gjeld frå midnatt, natt til onsdag 15. desember.

 

Nye råd

Avstand og sosial kontakt

Essensen i råda og tiltaka er at vi må halde avstand og tenke gjennom kor mange nærkontaktar vi har. Frå no blir karantene obligatorisk for nærkontaktar av smitta. Det er også slik at ikkje alt som er lov, er smart.

  • Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs om mogleg.
  • Unngå å nytte kollektivtrafikk for å besøke/dra på arrangement
  • Alle bør halde minst 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære (kjærast eller besteven til dømes).
  • Rådet om 1 meter avstand gjeld ikkje på fritida for barn i barnehage- og barneskulealder eller vaksne som yter tenester for barn, unge og sårbare gruppe.
  • Personar med risiko for å få alvorleg sjukdom av covid-19 bør skjerme seg.
  • Du bør ikkje ha meir enn 10 gjestar heime i tillegg til dei du bur med. Det bør vere 1 meter avstand mellom gjestane.
  • Éin gong i jule- og nyttårshøgtida kan du ha inntil 20 gjestar.
  • Barn i barnehage eller barneskule kan ha fleire på besøk frå same kohort, sjølv om dei blir fleire enn råda tilseier.

 

Idrett og organiserte fritidsaktivitetar

Barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder kan ha organiserte fritidsaktivitetar som fotballtrening eller korpsøving. Dersom aktiviteten skjer innandørs er rådet at det maks 20 deltakarar – med mindre alle deltakarane er frå same kohort i skule eller barnehage.

Barn og unge som er ferdig med ungdomsskulen bør halde 1 meter avstand også under fritidsaktivitetar. Det betyr at dei ikkje bør spele fotball eller handball der avstand er vanskeleg.

Aktivitetar som samlar barn og unge frå forskjellige stader bør utsettast eller avlysast (til dømes kampar, cuper, turneringar eller stemne).

Det same gjeld aktivitetar og arrangement som samlar både barn, unge og vaksne – både utandørs og innandørs.

Unnataket er utandørs arrangement for barn og unge i idrettar som ikkje krev nærkontakt (til dømes skirenn) og som kan utførast med minst 1 meter avstand. (Her må også arrangementsreglane følgast – sjå lenger nede)

Organiserte fritidsaktivitetar for vaksne som skjer innandørs bør utsettast eller avlysast (til dømes kor- og korpsøvingar, volleyballtrening mm).

Vaksne kan trene eller drive med anna organisert fritidsaktivitet utandørs, men bør ikkje vere meir enn 20 personar og kunne halde 1 meter avstand.

Alle bør kome seg ut i frisk luft, men hugs meteren – også utandørs.

 

Arbeidsliv

Alle som kan, skal ha heimekontor

Arbeidsgivar skal sørgje for at alle som kan

Alle blir råda til å nytte munnbind med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer som skiljeveggar eller liknande.

Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette hindrar tilsette å utføre naudsynte og lovpålagte oppgåver i møte med barn, unge og sårbare gruppe.

Alle bør halde 1 meter avstand på arbeidsplassen.

På enkelte publikumsretta arbeidsplassar vil det vere påbod om munnbind.

Luft godt og ha god ventilasjon i rom der du er saman over lengre tid med andre enn husstandsmedlemmar.

 

Reglar

Medan råda ovanfor er sterke anbefalingar, er reglane under påbod/forbod. Det vil seie at du ikkje har noko val. Du kan bli straffa om du ikkje følgjer dei.

Karantene og isolasjon

Det blir no felles reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant.

Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære (kjærast, besteven, overnattingsbesøk mm): Kan teste seg ut av karantene etter sju dagar

Øvrige nærkontaktar (mindre enn to meter avstand i meir enn 15 minutt, eventuelt fysisk nærkontakt): Kan teste seg ut av karantene etter tre dagar, men må vere i fritidskarantene fram til negativ test etter sju dagar.

 

Arrangement

Det er innført munnbindpåbod på innandørs arrangement.

Privat samankomst: 

(jubileum, julebord, fest etter seremoniar mm) Maksimalt 20 personar innandørs på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale. Utandørs kan de vere maksimalt 50

Det er gjort unnatak for minnestund etter gravferd. Her er grensa maks 50. Sjølve gravferda er eit offentleg arrangement (sjå under).

 

Offentleg arrangment:

Innandørs: Maksimalt 20 personar. Men opptil 50 kan delta om dei sit på faste tilviste plassar under heile arrangmentet (inga mingling).

Utandørs: Inntil 100 personar utan faste tilviste plassar, men inntil 200 x 3 kohortar med faste, tilviste plassar.

Arrangør skal sørgje for at alle deltakarane held avstand (minst 1 meter) til alle som ikkje er husstandsmedlemmar.

Arrangør skal også registrere kven som deltek på arrangementet for å forenkle smittesporing.

Ved kyrkjevandring i kristne trudomssamfunn kan nye deltakarar sleppast inn kontinuerleg når andre går ut.

 

Uteliv

Det vil ikkje vere lov å skjenke alkohol, korkje på arrangement eller serveringsstader.

Serveringsstader er pålagt å sørgje for at gjestar held minst 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar.

Serveringsstad kan ikkje leggje til rette for eller gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand enn 1 meter (til dømes dansing).

 

Munnbind

Det er påbod med munnbind følgande stader:

Når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde/venterom.

Hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.

På innandørs arrangement, i bibliotek og museum.

Påbodet gjeld ikkje medan du sit ved eit bord på serveringsstad eller et eller drikk sitande.

Det er allereie ei nasjonal anbefaling å nytte munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand.

 

Skular og barnehagar

Barnehagar og grunnskule skal drifte på gult nivå

Vidaregåande skule skal drifte på raudt nivå.

Det kjem eigen artikkel om skular og barnehagar i Hareid.