14. februar: 268 positive siste veka

Framleis er det berre milde tilfelle med lite behov for legehjelp.

 

Den siste veka har vi registrert 268 smittetilfelle. I tala ligg både laboratorietestar (PCR, 172) og sjølvregistrerte hurtigtestar (96) som er tatt/registrert i perioden 7. til og med 13. februar.

I snitt er det over 38 per dag. I førre veke var snitte 24 per dag.

Smitten er ikkje likt spreidd ut i befolkninga. Det er enkelte grupper som har meir smitte enn andre. Førebels er det få smittetilfelle i hos dei som er 60 år og eldre, medan det er mange barn og unge vaksne som er smitta.

Skular og barnehagar er hardt ramma. Det får konsekvensar for drifta, då mange tilsette er ute. Dessverre har det ført til at enkelte trinn må ha heimeskule. Vi måtte også stenge ei avdeling i ein barnehage fordi alle dei tilsette var sjuke, og det var heller ikkje vikarar å setje inn.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Vi ventar at dei reelle smittetala vil halde fram å auke, men det er forventa at dei registrerte smittetala ikkje vil spegle utviklinga no når berre vaksne personar med symptom skal teste seg. Vi ser allereie no i dag, måndag, at testkøen til laboratorietest er halvert samanlikna med tidlegare måndagar.

Ikkje fått alle kornavaksinedosane? Les meir på vaksineportalen vår

Når skal du teste deg?

  • Barn og ungdom ut vidaregåande skal ikkje teste seg.
  • Vaksne skal teste seg om dei får symptom på luftvegsinfeksjon.

 

Kva om eg får positiv test?

Dersom du testar positivt på hurtigtest skal du gjere følgande:

  • Du bør halde deg heime i fire dagar og til du har vore feberfri i 24 timar.
  • Det er ikkje naudsynt å melde frå til nærkontaktar
  • Vi vil at du skal melde inn det positive svaret i vårt sjølvregistreringsskjema.
  • Enkelte kan også få stadfesta det positive tilfelle med ein laboratorietest. Det gjeld
    • Alle som ikkje har fått oppfriskingsdose
    • Dei som har fått to dosar og har hatt korona for meir enn tre månadar sidan
    • Barn under 16 år
    • Alle med alvorleg svekka immunforsvar