14. januar: 21 nye smitta siste veka

Vi har fått stadfesta 21 covid-19-tilfelle den siste veka. Det er ny rekord for Hareid sin del, men framleis godt under landssnittet.

 

- Dette er ein auke vi ikkje har sett før, og situasjonen er noko  uoversiktleg med tanke på smittekjelde. Samstundes er ikkje situasjonen alvorleg, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.

Det er ein del enkelttilfelle i denne gruppa, men også små klynger. Gjerne familiar der 3-4 er smitta og har smitta kvarandre. Fleire av dei smitta er barn som går på skule eller i barnehage. Vi kjenner ikkje til smittekjelda til mange. Det tyder på at det er virus i omløp i lokalsamfunnet.

Framleis lavt smittenivå

Det er likevel verdt å merke seg at trass «rekord», oppblomstring og virus i omløp, har vi lite smitte her, samanlikna med gjennomsnittet for Noreg. Vi har rett og slett vore heldige gjennom desse to åra med pandemi og har hatt lite smitte.

- Sidan desse nivåa er nye for oss, kan det gjere at enkelte er meir engstelege enn naudsynt. Det vi då må hugse på er at høge smittetal no er noko heilt anna enn for eitt år sidan. No er svært mange godt vaksinerte og omikron-varianten er «snillare» enn dei andre variantane vi har vore borti, fortel Vollsæter.

LES OGSÅ: Framleis gult nivå i skular og barnehagar

I tillegg til dei 21 tilfella som er stadfesta med laboratorietest, har vi fleire positive hurtigtestar vi ventar på laboratoriestadfesting på.

Ventar auke

Torsdag kveld presenterte regjeringa lettare covid-tiltak. Det trass ei forventa auke i smittetal.

- Vi er no over i ein ny fase av pandemien. Vi veit at omikron gir mindre alvorleg sjukdom og sannsynet for å bli innlagd på sjukehus er redusert. Dei siste fire vekene har over éin million nordmenn tatt vaksine og tilgangen på hurtigtestar er auka. Vaksinane vernar godt mot alvorleg sjukdom, sa statsminister Jonas Gahr Støre så han presenterte dei nye tiltaka torsdag kveld.

Helsestyresmaktene ser det som umogleg å stoppe ein omikron-driven vinterbølgje. Det er heller ikkje ønskeleg. Målet no er å bremse epidemien mest mogleg, men med minst inngripande tiltak. Vi må unngå at for mange blir sjuke samstundes.

Hovudreglane for godt smittevern er framleis:

  • Vaksiner deg!
  • Hald avstand!
  • Hald deg heime og test deg om du er sjuk!