14. mars: 212 registrert smitta førre veke

 66 av smittetilfella er stadfesta med laboratorietest (PCR). Resten er personar som har registrert positive hurtigtestar.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

- Vi reknar med at vi er over toppen no, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.

Til samen har vi registrert over 1500 positive tilfelle i kommunen sidan årsskiftet. I tillegg reknar vi med store mørketal, så det reelle talet er mykje høgare.

Slik er testråda no:

Barn og unge treng ikkje teste seg sjølv om dei har symptom

  • Vaksne med symptom bør teste seg med hurtigtest
  • Ved positiv hurtigtest vil vi at du registrerer deg her.
  • Dersom barn likevel blir testa med hurtigtest og får positivt svar vil vi at føresette registrerer barna i sjølvbeteningsløysinga (her).
  • Barn og unge under 16 år, og andre som ikkje har fått 3. vaksinedose, kan få stadfesta resultatet frå hurtigtest med ein laboratorietest for å få grønt koronapass.
  • Laboratorietest bestiller du via legesenteret på telefon 70 30 70 70