15. oktober - Fire nye smittetilfelle siste veke

Fire personar har testa positivt på covid-19 sidan førre fredag.

 

To av desse er knytta til smitta på eit verft i Sande kommune og dei to andre er i familie til desse. 

Så lenge situasjonen er stabil og under kontroll, rapporterer vi berre smitte vekentleg. Du kan halde deg oppdatert på koronaportalen vår

Vi deler ut hurtigtestar/sjølvtestarar til alle som treng på Helsehuset. Dei ligg til henting i fyrste etasje mot Strandgata. Inngang mellom ambulansegarasje og biblioteket. Vi vil berre at du hentar testar som du treng der og då. Vi ønsker ikkje at du hentar testar for å ha liggande i tilfelle. Gjer alle dette, har vi ikkje nok.