17. desember: Fem smitta siste veka

Tre med kjend smitteveg og to med ukjend smitteveg.

 

Dei tre med kjend smitteveg er alle husstandsmedlemmar av andre smitta.

Dei to med ukjend smitteveg er elevar ved ungdomsskulen. Desse har blitt testa etter at dei fekk symptom. Vi følgjer med på situasjonen her. Alle elevar og tilsette vil få med seg hurtigtestar som dei skal ta før fyrste skuledag etter juleferien.

Vi oppmodar alle med nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon om å teste seg. Du kan få hurtigtest frå smittebrakka ved gamle legesenteret mellom klokka 1230 og 1330 på kvardagar. Hentar du for andre – og er symptomfri – kan du hente på legesenteret mellom klokka 09-15.

Vi oppmodar også alle om å ta vaksinedosane når dei får tilbod. Vi vaksinerer i romjula og har også drop in-tilbod.

Ingen av dei som har blitt smitta på Hareid gjennom pandemien har blitt alvorleg sjuke.

 

Problemer med å se Plandiscen? Trykk her