17. mai i Hareid kommune

Sjå kva som skjer i alle krinsane på 17. mai her.

Klikk for stort bilete17. mai i Brandal. Foto: Victoria Røren

Bigset

Facebook-hending.

08:00 Flaggheising: Bigset skulekorps går parade til Geilane
09:45 Oppstilling barnetog: Rekkefølge: 17.-nemnda, Bigset barnehage, 1.-4. klasse, korpset, 5.-7. klasse, ungdomsskuleelevar, bygdefolk
10:00 Avmarsj barnetog: Toget går til Bigset vest. Vel tilbake til skulen oppfordrar vi alle til å vente i toget og syne «Ja, vi elskar» saman med korpset
11:00 Barnetime: I gymsalen. Programinnslag av skuleklassane. 
12:00 Matsal, kiosk og loddsal i regi av Bigset skulekorps.
13:00 Leikar for barn og vaksne. Premiering.
14:00 Fantetog v/7.-klasse
15:00 Friluftsfest i bygdatunet: 

  • Bigset skulekorps spelar, samt utdeling av utmerkingar. Korpset spelar «Ja, vi elskar» fyrste og to siste vers. 
  •  Vekomsttale samt allsong: «Det går eit festtog» saman med 1.-4. klasse
  • Tale ved Einar Måseide
  • Dansegruppa Four Elements dansar og syng
  • Allsong: «Mellom bakkar og berg»
  • Song ved Toril Oda Ringstad og Kristin Leirbekk
  • Gitarsolo ved Johannes Bjåstad
  • Randi Døving, Dalsmunnen
  • Annonsering av vinnarar av gevinstar
  • Allsong: fyrste og to siste vers av «Gud signe vårt dyre fedreland»

Brandal

Facebook-hending

08.00 Salutt og flaggheising
10.15 Oppstilling til toget på skuleplassen
10.30 Borgartog (rute kjem)
11.00 Apell v/ Stian Runne Brandal
11.00-15.00 Kiosk, matsal, skytebane og leikar, Brandal skule. Det vert også fantetog i løpet av dagen.
13.00-18.00 17. mai-buffet og rjomegraut på Ishavsmuseet Aarvak
15.30 Folkefest på Ishavsmuseet, MERK STAD
Tale ved Vegard Brandal, dikt ved Johannes Alme, Brandal friskule, Svenning Veiseth, Liv Ellen Overå, Brandalskoret m.m. 
18.00 Konsert med Brøytekant på heimebane, i Aarvak-bygget 

Hjørungavåg

07:00 Salutt, musikk gjennom bygda
08:00 Flaggheising
10:00 Barnetog. Rute: skulen-Liaset-skulen
11:00 Barnetimen: Underhaldning av born frå skulen
12:00 Middag på Jomsvoll. Arrangør er idrettslaget
12:00 Kaffi og kaker på skulen/SFO. Arrangør er skulekorpset
14:30: Borgartog: skulen-Engane-skulen
15:30 Leikar og fantetog på skulen. Konkurranse og ymse leikar
17:00 Folkefest på skulen: Hjørungavåg skulekorps, hånskrive blad av Odd Arve Hjørungdal, historie av Johannes Liavåg, song av Brandalkoret, festtale ved Audhild Mork, musikkinnslag av Johannes Bjåstad, Hjørungavåg brass


Hareid krins

Facebook-hending

Program:
07:00: Revelje: Melshorn og Hareid skulekorps spelar i gatene
10:30: Kransing av minnesteinane ved Hareid Kyrkje. Hareid Blandakor vil synge ved Johan H.-bysta i tillegg til ved minnesteinane ved kyrkja.
11:00: Festgudstjeneste i Hareid Kyrkje
12:15: Barnetog/Borgartog frå Barneskulen: Oppstilling ved barneskulen kl 12. Oppmoding om å gå i to fine rekker. Rute: Barneskulen, Sjukeheimen (overrekking av blomar), Køyrevegen, Strandgata, Kjøpmannsgata, Pålhaugen, Hareid stadion. 
Rekkefølge: Flaggborg, speidarar, Hareid skule 1.-2. klasse, Melshorn/skulekorpset, Hareid skule 3.-7. klasse, Hareid IL, barnehagane, lag og organisasjonar, bygdefolk
13:00: Samling og leikar på Hareid Stadion
Spennande leikar for born i alle aldrar. Fantetog. Sal av middag, pølser, is, brus, kaffi og kaker i hallen, kioskane og klubbhuset. Betaling med Vipps eller kontantar.
15:00: Familiefest i Hareidhallen (gratis inngang)
17:00: Festsamling på Hadartun (gratis inngang)