17. mai-program for Hareid kommune 2021

Korps, digital sendingar, gudsteneste, salutt og mykje meir. Her er 17. mai-programmet for Hareid kommune 2021.

Klikk for stort bilete17. mai i Brandal. Foto: Victoria Røren 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Er det programinnslag som manglar? Send e-post til erlend.friestad@hareid.kommune.

 

Smittevernpåminning

 

Fellesprogram

Hendingar merka med D er digitale eller blir sendt digitalt. 

10:00 D: Appell ved ordførar

12:00 D: Heile Noreg syng «Ja, vi elsker». Les meir på regjeringa sine nettsider.

12:00 D: Utegudsteneste ved Hareid kyrkje. Liturg Lars Hartig-Tangedal. Gudstenesten blir også sendt direkte på Hareid sokn sine Facebook-sider. Meir informasjon finn du her.

13:00: Bilkortesje gjennom alle krinsane: Oppmøte på Hareid ungdomsskule klokka 1245. Sjå arrangement på Facebook for meir info og rute.

Heile dagen D: Mai-rebus, ved Hareid mållag: Løys oppgåver heime og finn kodeord på forskjellige stader i Hareid kommune. Premiar. Les meir på Hareid mållag sine Facebook-sider.

 

Tog og korpsmusikk

Det blir opptog og korpsmusikk fleire stader i kommunen. På grunn av smittevern ønsker vi ikkje at andre enn korpsa og særskild inviterte går i tog.

Vi oppmodar bygdefolket om å ta på finstasen og stå langs ruta for å helse toga og korpsa. Sjå under kvar krins for meir informasjon.

 

Bigset

Heile dagen D: Facebook-arrangementet:  «17. mai 2021 – Bigset krins»

  • Song frå 1.- 4. klasse. «Det går eit festtog» Opptak frå feiring på skulen 12.05.
  • Loddsal med flotte gevinstar. (Vipps: 686449, 20 kroner loddet.)
  • Filmsnuttar og bilete frå private markeringar i krinsen.
  • Dalsmunnen v/ Erlend Friestad.
  • Barnetog, leikar og fantetog i Bigset skule sin regi. Filmar og bilete frå 12.05.
  • Gratulasjonar og helsingar i frå fjern og nær.
  • Trekning av lodd. (19.05)

08:00: Flaggheising ved Vonheim ved Bigset skulekorps.

10:30: Bigset skulekorps spelar og marsjerer i byggefeltet på Nesset..

11:55: Bigset skulekorps går parade fram Langerysta og til Bigset Vest. 17. mai-nemnda dannar flaggborg i front. Vi stoppar og speler «Ja, vi elsker» ved Bigset barnehage før vi tek turen rundt byggefeltet.

13:00: Bigset skulekorps har minikonsert ved krysset i «Lyckliga gatan» i Geilane.

 

Brandal

Sjå eige Facebook-arrangement.

08:00: Salutt og Flaggheising

09:00: Vekking – Skrik og skrål fra traktor + vogn

10:45: Tog med flaggborg, Hareid skulekorps, Musikklaget Melshorn og Brandal friskule. Rute (veravhengig): Friskulen – Byggefeltet – Risegarden – Klepp – Sentrum – Saudebøen - Friskulen

12:00 D: Strøyma «fest» med blanding av live-opptredener og opptak.

  • Nasjonal salutt og allsang (Ja, vi elsker)
  • Innslag av barna på friskulen
  • Underhaldning og filmsnuttar av kjente og mindre kjente fjes.

14:00: Fantetog fra traktor - ny vri: I år kjem toget til barna.

 

Hjørungavåg

08:00: Flaggheising ved Hjørungavåg skule

08:00: Salutt ved Hjørungavåg Brass

11:00: Hjørungavåg skulekorps marsjerer mot Liaset, Korshamna og til skuleplassen

11:00: Hjørungavåg brass spelar ved Steinarløa (kl 11), Korshamna (kl 11:30), Overåsanden (kl 12) og leikeplassen (12:30).

13:00: Hjørungavåg skulekorps marsjerer mot Pilskog og spelar rundt Engane og Pilskog.

 

Hareid

Sjå eige Facebook-arrangement

08.00: Flaggheising ved Hareid skule

11.45: Speidarane legg ned kransar ved minnesteinane. Song av Arild Grimstad.

12:00-14:00: Musikklaget Melshorn og Hareid skulekorps vil spele i gatene. Det er ikkje høve til å vere med å marsjere saman med dei. Kom gjerne ut og sjå, men hald god avstand til andre.