17. mai-programmet for Hareid kommune 2022

Her får de oversikt over alt som skjer i Hareid kommune på nasjonaldagen.

Hjørungavåg brass speler på grasplenen ovanfor Overåsanden. Biletet er frå 17. mai 2021. Dei har på dress og bunad. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Hareid kommune er berre vidareformidlar av programma. Eventuelle spørsmål må rettast til krinskomiteane.

 

Bigset

08.00 Flaggheising Bigset skulekorps går parade til Bigset vest.

09.45 Barnetog oppstilling 17.mai-nemnda - Bigset barnehage - 1. klasse - 2. klasse - 3. klasse - 4. klasse - Bigset skulekorps - 5. klasse - 6. klasse - 7. klasse -  ungdomsskuleelevar - bygdefolk.

10.00 Barnetog avmarsj Toget går til Geilane. Vel tilbake på skulen oppmodar vi alle til å vente i toget og synge «Ja, vi elsker» saman med korpset som spelar.

11.00 Barnetime i gymsalen Skuleklassene ved Bigset skule står for programinnslag.

11.00 Matsal og kiosk I regi av Bigset skulekorps.

12.30 Leikar Leikar for barn og vaksne. Premiering.

13.30 Fantetog Ved 7. klasse

14.30 Friluftsfest i Bygdatunet Bigset skulekorps, speling og utdeling av utmerkingar, Velkomstord ved Aud Grimstad, allsong ved korpset «Ja, vi elsker», Dalsmunnen ved David Brennan, Grimstadkoret, tale ved Øystein Orten, Ulstein mannskor, allsong ved Ulstein mannskor «Tidt eg minnast», Tore Bjørn Skjølsvik fortel om Rasofiel-statuen, avduking ved Steinar Rise, barnekoret ved 3. og 4. klasse syng «Mellom bakkar og berg», ordførar Bernt Brandal, allsong «Gud signe vårt dyre fedreland», annonsering av vinnarar frå loddsalet

Rasofielgarden Vonheim er open for publikum etter friluftsfesten.

Det er fri entré, og Runar Haddal stiller som guide.

Det blir loddsal frå kl. 12.00 og fram til friluftsfesten startar.

 

Brandal

08.00 Salutt og flaggheising

10.00 Appell ved Bernt Brandal

10.15 Oppstilling for toget

10.30 Toget startar. Rute: sentrum-Saudebøen-Skulevegen-Risegarde-Klepp-grendehuset

11.30 Barnetimen på grendehuset

12.30-15.30 Kiosk, kakesal, skytebane og leikar på grendehuset

13.00-17.00 17. mai-buffet på Ishavsmuseet

15.30 Fantetog

16.00 Folkefest: Brandalskoret, innslag frå barnetimen, tale ved Andrea Øien Sæverud, diktlesing ved Ranveig Frøysa, innslag ved Ole Martin Øyehol, allsong, lotteri og premieutdeling

 

Hareid

07.00 Revelje - Melshorn og Hareid skulekorps spelar i gatene

10.30 Kransing av minnesteinane ved Hareid kyrkje, flaggborg v/speidarane, appell v/Ottar Røyset

11.00 Festgudsteneste i Hareid kyrkje

12.15 Barnetog/borgartog frå barneskulen: Oppstilling ved Barneskulen klokka 12.00. Vi oppmodar om å gå i to fine rekker. Rute: barneskulen, sjukeheimen (blomsteroverrekking), Køyrevegen, Strandgata, Kjøpmannsgata, Pålhaugen, Hareid Stadion.  Rekkefølgje: flaggborg, speidarar, Hareid skule (1. og 2. klasse), Melshorn/skulekorpset, Hareid skule (3.-7. klasse), HIL, barnehagane, lag og organisasjonar, bygdefolk.

13.00 Samling og leikar på Hareid stadion. Appell v/ Bernt Brandal, kjekke leikar for born i alle aldrar, fantetog og straffespark, sal av middag på klubbhuset. Arrangør: komiteen for «Kvite bussar».
Kaffi og kaker i hallen v/6. klasse Hareid skule, kiosk ute v/turngruppa (betaling Vipps eller kontantar).

15.00 Familiefest i Hareidhallen. Programleiarar: Tira og Elias, 6. klasse på Hareid skule, Melshorn / Hareid Skulekorps, velkomst ved programleiarane, sketsj v/6.Klasse, song: Pranaya Selva frå Hareid kulturskule, festtale v/ Julie Sundgot Andersen, sketsj v/ 6. klasse, turnoppvisning, gitar Camilla B. Johansen, ungdommens tale v/ Pravin Selva, song v/6. klasse, solist Håkon Alexander Kleppe, polonese v/ Hege og Bård Grimstad (gratis inngang)

17.00 Festsamling på Hadartun: Programleiar: Tira og Elias 6. Klasse, Hareid skule, Brandalskoret, appell v/Anders Riise, song v/6.klasse, allsong, piano. (gratis inngang)

 

Hjørungavåg

08.00 Flaggheising og salutt gjennom bygda

11.00 17. mai-tog (skulen- Engane – skulen)

12.00 Barnetimen

13.00 Matsal på Jomsvoll

13.00 Kake og kaffisal på skulen

13.45 fantetog og leikar på skuleplassen

16.00 Folkefest. Programleiar Gøril Daltveit, Hjørungavåg Skulekorps, Hjørungavåg Brass, handskrevet blad av Egil Øvrelid, festtale ved Nataliya Overå, songinnslag ved Trine Teigene Eidsvik akkompagnert av Ida Teige, trekning av gevinstar frå loddbøker, allsong