19. november: Ingen nye smittetilfelle siste veka

Vi er framleis heldige her i kommunen og har ingen registrerte positive covid-testar sidan førre fredag.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Trass låge smittetal: Hugs råda om å halde dykk heime og test dykk om de er sjuke. De får gratis hurtigtestar frå testbrakka ved gamle legesenteret mellom klokka 1230 og 1330. Les meir på koronaportalen vår.