2. desember: Positiv hurtigtest på ungdomsskulen

Ein tilsett på skulen har testa positivt på hurtigtest.

 

Elevane på trinnet har fått hurtigtestar for å teste seg i dag og i morgon. Føresette er informert.

Barn under 18 år er friteke for karantene, men blir oppmoda om å teste seg når dei er nærkontaktar, slik som til dømes klassekameratar. Vi oppmodar likevel om varsemd med å delta i sosiale samanhengar før negativ hurtigtest er klar.

Ein positiv hurtigtest må stadfestast med laboratorietest. Du skal rekne deg som smitta og isolere deg sjølv om testen ikkje er stadfesta.

Den positive hurtigtesten på Hareid ungdomsskule er førebels ikkje stadfesta med laboratorietest.

Her kan du lese meir om kva reglar som gjeld for karantene, isolasjon og testing.

Vi minnar om dei nye nasjonale smitteverntiltaka som blei innført denne veka. Det blir mellom anna råda til å nytte munnbind i ein del situasjonar der det ikkje er mogleg å halde avstand. Les meir om dette via denne lenka.

Elles: Test deg med hurtigtest om du får symptom på luftvegsinfeksjon – også milde. Då skal du også halde deg heime. Hurtigtest får du gratis frå smittebrakka ved gamle legesenteret mellom klokka 1230-1330 på kvardagar.