Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!
Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.
Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.
Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.
Det er frå medio september ledig eit 1-års 80% vikariat som helsefagarbeidar i eining for heimetenester. Arbeidsplanen er todelt med arbeid kvar 3. helg.
Her kan du lese meir og søkje på stillinga
Vi ser også etter sjukepleiar snarast i 75% engasjement frå 01.09.2022 til 31.12.2023 med arbeidstid f.t. natt! Du blir ein del av eit kjekt natt-team, med fokus på tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging av pasientane.
Klikk her for å søkje på stillinga
Eining for heimetenester utfører helse- og omsorgsoppgåver etter enkeltvedtak og behov i brukar sin private heim og i omsorgsbustader. Du får ta del i eit spanande utviklingsarbeid og vi i sektor for velferd ønskjer oss engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte medarbeidarar. Vi tilbyr i gjengjeld ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg fagmiljø.
Har du spørsmål, kan du vende deg til einingsleiar Christina Aasen Helvig på mobil nr. 476 82 834.