21. februar: 208 registrert smitta førre veke

Men det er store mørketal.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Vi fekk melding om 135 sjølvregistrerte positive testar frå og 73 PCR-testar førre veke. Det er mykje lågare enn veka før det (268), men tala er ikkje samanliknbare.

På grunn av nye testreglar og -råd har vi no store mørketal. Vi reknar med at det reelle smittetalet er høgare enn førre veke.

Til dømes skal ikkje barn teste lenger, sjølv om dei har symptom. Vaksne utan symptom treng heller ikkje teste seg. Vi har også fått høyre at mange no ikkje registrerer dei positive tilfella i vårt registreringsskjema. Vi oppmodar om at alle gjer dette for at vi kan halde oversikt.

Dei som ikkje har fått tre vaksinedosar (eller to og har hatt covid siste 3 måndar), bør ta ein laboratorietest (PCR) for å stadfeste tilfelle. Då vil resultatet også dukke opp i koronapasset – og gjere det grønt.

Dei aller fleste har mild sjukdom som går relativt raskt over. Vi har ingen som er innlagde på sjukehus, men enkelte har fått eit litt lengre sjukdomsløp. Blant desse er det ein del uvaksinerte.