21. januar: 42 stadfesta smitta sidan tysdag

Totalt er det stadfesta 42 smitta tysdag, onsdag og torsdag denne veka.

 

På tre dagar har vi fått nesten ein fjerdedel av alle smittetilfella i Hareid gjennom heile pandemien.

Dei smitta er i hovudsak vaksne i arbeidsfør alder. Mange av dei er knytt til utbrotet på Spenncon (tilsette og husstandsmedlemmar), men det er også spreidde tilfelle som dukkar opp utan kjend smitteveg. Det tyder på at viruset sirkulerer blant innbyggarane.

- Vi ventar ytterlegare auke. Folkehelseinstituttet seier vi kan nå opp mot 50.000 dagleg smitta på landsbasis. Omsett til Hareid-tal, svarer det til 50 daglege tilfelle. Vi kjem nok ikkje heilt dit. Det skuldast at vi bur meir spreidd og at det er mindre trengsel enn i større byar, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.

I hovudsak har dei smitta milde symptom. Nokon få har langtidssymptom som slappheit og nedsett smak- og luktesans. Utfordringa no er fyrst og fremst å ikkje få ein for bratt stigning i smittetal. For mange smitta samstundes kan føre til at næringsliv og offentlege tenester får problem med drifta.

Råda er derfor framleis:

  • Vaksiner deg!
  • Hald avstand til andre enn husstandsmedlemmar
  • Hald deg heime og test deg om du er sjuk

På koronaportalen vår kan du lese fleire råd og halde deg oppdatert på koronasituasjonen i Hareid kommune. Her kan du mellom anna lese kvar du får tak i hurtigtestar.