21. januar: Framleis gult nivå i skular og barnehagar

Kriseleiinga har drøfta saka  på e-post og konkludert med at vi held fram med gult nivå.

 

Frå førre fredag (14. januar) kunne kommunane sjølv velje tiltaksnivå i skular og barnehagar. Rådet frå regjeringa var at kommunane kunne halde fram med gult nivå i skular og barnehagar dersom smittesituasjonen tilseier det.Hareid kommune valde då å halde fram med gult nivå. Bakgrunnen den gong var at vi var midt i ei kraftig smittestigning. Vi skulle vurdere situasjonen etter ei veke.

No har veka gått, og situasjonen er blitt endå meir tilspissa. Dei siste tre dagane har vi hatt til saman 42 stadfesta smittetilfelle. Det er nesten ein fjerdedel av alle smittetilfella vi har hatt gjennom heile pandemien. Vi vil derfor framleis halde på gult nivå.

Ny vurdering blir gjort om ei veke.