23. desember: To nye smitta sidan førre fredag

To smitta og ein avkrefta positiv hurtigtest.

 

Fyrst: Eleven som testa positivt på hurtigtest på tysdag denne veka har fått svar på laboratorietesten. Den var NEGATIV. Det vil seie at eleven ikkje hadde covid-19.

Utanom dette har vi to stadfesta smittetilfelle:

  • Ein person med kjend smitteveg. Smitta i annan kommune. Personen har vore heime heile veka, og har derfor ingen nærkontaktar.
  • Ein person med ukjend smitteveg. Personen bur åleine og har ingen kjende nærkontaktar.

- Vi har heldigvis ikkje fått oppblomstringa vi venta. Vi oppmodar likevel alle til å vere merksame på symptom på luftvegsinfeksjon. Hald deg heime og test deg om du får det, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.

Han ber også folk om å halde avstand til andre enn husstandsmedlemmar og hugse på dei andre råda og reglane som gjeld no i jula.

Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller er definert som nærkontakt, kan du få utdelt hurtigtest av kommunen. Vi deler ikkje ut hurtigtestar «for sikkerheits skuld». Vil du teste deg før reise eller juleselskap på du skaffe testar på eiga hand – til dømes på apotek.

I romjula melder vi berre om smitte dersom det er større hendingar som involverer mange smitta eller nærkontaktar.