250 kilo plast i sekundet

Havet har gitt liv til alt levande på planeten. No er det truga fordi vi nyttar det som søplekassa vår. Heldigvis finns det løysingar!

Klikk for stort bileteKvart år kastar vi 8 millionar tonn plast i havet. Det svarer til 250 kilo kvart einaste sekund. Catherine Sheila/Pexels.com  

Kvart einaste sekund hamnar det 250 kilo plast i havet. Det svarer til 8 millionar tonn i året. Plast tar utruleg lang tid før det blir brote ned, dermed vil plast som hamnar i havet forureine i hundrevis av år. Fyrst som synleg plast som dyr et, til dømes kval, eller fuglar bygg rede av. Så blir det til mikroplast som til slutt endar opp i kroppen din, gjennom maten du et, som fisk.

Midlane frå TV-aksjonen 2020 skal gå til å løyse problemet der det er størst. Ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Derfor er TV-aksjonsmidlane øyremerket tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Her skal pengane gå til å etablere og forbetre eksisterande avfallsystem for meir enn 900.000 menneske. I samarbeid med dei lokal innbyggarane, myndigheitene og næringsliv, skal WWF klare å redusere utsleppa til elver og hav med 7000 tonn årleg. Vi skal samle inn og resirkulere søppel som i dag ender opp i naturen, redusere bruken av unødvendig plast og jobbe for at dei som bestemmer forpliktar seg på å nå WWF sitt mål om null plast på avveie i 2030.

Les meir om TV-aksjonen på blimed.no.