26. november: Fire nye smittetilfelle siste veka

To av tilfella har ukjend smitteveg

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Sidan førre fredag har vi registrert fire nye tilfelle med covid-19 i Hareid kommune.

To av tilfella har kjend smitteveg. Eit av desse er knytt til det store Herøy-utbrotet.

Dei to andre har ukjend smitteveg. Den eine av dei smitta arbeidar utanfor kommunen, medan den andre er pensjonist og har ikkje vore utanfor kommunegrensene den siste tida.

Vi oppmodar alle om å ha svært låg terskel for å ta sjølvtest. Det gjeld også vaksinerte. Les meir om korleis de får tak i testar her.

  • Vask hender grundig og ofte, og nytt handsprit om vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg.
  • Og hugs: Hald dykk heime når de er sjuke. Sjølv om de ikkje er korona de har, kan de smitte andre som igjen må vere heime osb.
  • Dei som ikkje har vaksinert seg, rår vi også til å gjere det. Ta kontakt med helsestasjonen for å bestille tid.
  • Dersom du får eit positivt svar på hurtigtest, må du ta kontakt med legekontoret på telefon 70 30 70 70 for å få stadfesta testen med ein «vanleg» test (PCR).