Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!
Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.
Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.
Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.
Tala gjeld testar laboratorietestar (PCR) som er tatt torsdag 20. januar til og med onsdag 26. januar.
I tillegg kjem dei som sjølv har registrert positiv hurtigtest. Desse har vi ikkje oversikt over på noverande tidspunkt.
Tilfella er spreidde i heile kommunen på fleire enkelthusstandar og i skulane. Mange av tilfella registrert tidleg i perioden, var knytt til utbrotet på Spenncon. Det er no stilna vekk.
- Hald deg oppdatert på koronasituasjonen i Hareid på koronaportalen vår
Framleis er det berre mild sjukdom hos dei som er smitta.
Vi oppmodar alle om å teste seg om dei har symptom på luftvegssjukdom eller er nærkontaktar.
Dei fleste som får ein positiv hurtigtest skal nå ikkje kontakte legekontoret for å få stadfesta han med laboriatorietest. Dette gjeld dei over 16 år som
- har hatt covid-19 dei siste tre månadane
- har fått oppfriskingsdose (dose 3)
Andre må ringe legekontoret for å få PCR-test. Ring 70 30 70 70 for å bestille time.
- Sjå kva reglar og råd som gjeld for karantene og isolasjon på vår koronaportal