29. desember: To positive hurtigtestar på sjukeheimen

Vi har fått positive hurtigtestar på to bebuarar på buavdelinga på Hareid sjukeheim.

 

OPPDATERING 30. DESEMBER: Begge dei to bebuarane hadde negativ laboratorietest 30. desember. Det betyr at dei ikkje har covid-19. Avdelinga blir opna igjen og bebuarane er ute av isolasjon.

****

Det vil bli tatt laboratorietest (PCR) for stadfesting av resultatet i dag, onsdag 29. desember.

Den fyrste positive hurtigtesten blei teken tysdag på ein bebuar som hadde svake symptom. Den andre blei oppdaga i dag onsdag under kartlegginga som blei sett i gang etter den første positive testen.

Vi er ikkje sikre på smitteveg, men bebuarane har vore ute av institusjonen i jula. Ingen tilsette har så langt testa positivt. Vi vil følgje opp med testing av pasientar og tilsette på eininga. Dei som bur på same «stove» som dei med positiv hurtigtest vil bli testa dagleg i ein periode framover.

Buavdelinga blir stengd for besøkande fram til situasjonen er avklara. Sjukeheimen følgjer rutinane som er laga for slike tilfelle. Dei to bebuarane med positiv hurtigtest er isolerte på romma sine. Dei tilsette vil så langt som råd jobbe berre på ei avdeling framover og vil nytte utvida smittevernutstyr ved kontakt med dei to som testa positivt.

Alle bebuarar og tilsette på sjukeheimen har fått tilbod om oppfriskingsdosen med vaksine. Alle bebuarane på same «stove» som dei med positiv hurtigtest, har tatt 3. dose. Alle fast tilsette på buavdelinga har fått alle tre dosane med koronavaksine.