3. desember: 6 nye positive smittetilfelle

Hareid kommune har registrert seks nye positive smittetilfelle siste veka.

 

I tillegg ventar vi på laboratorietest av dei to positive hurtigtestane på Hareid skule og Hareid ungdomsskule. Det har ikkje kome nye positive hurtigtestar etter klassetestinga på skulane.

Hald deg oppdatert på råd, reglar og smittesituasjonen på vår koronaportal.

Av dei seks verifiserte smittetilfella har vi kjend smitteveg på fire av dei. Det er i vaksne personar som har vore i kontakt med andre stadfesta smitta. To tilfelle er sannsynlegvis knytt til Herøy-utbrotet, eit tilfelle er antakeleg blitt smitta på Jugendfestivalen og eit tilfelle smitta av slekt.

For dei siste to tilfella kjenner vi ikkje sannsynleg smitteveg.

Les dei siste råda som gjeld for Hareid kommune.