30. november: Råd om å nytte munnbind og andre tiltak

Det er innført eit nasjonalt råd om å nytte munnbind i fleire situasjonar.

Pexels/Anna Shvets  

Regjeringa har kome med nasjonale tiltak og råd for å bremse smitteutbreiinga av koronaviruset generelt og den nye varianten omikron spesielt.

- Pandemien er ikkje over, men i ein ny fase. Vi må lære oss å leve med smitten. Fordi vi har vaksiner, kan vi no tole meir smitte i samfunnet. På den eine sida skal vi unngå overfylte sjukehus og at helsevesenet blir overbelasta. På den andre sida skal vi la folk få leve så normalt som mogleg. Vi må heile tida finne den viktige balansen, sa statsminister Jonas Gahr Støre på regjeringa si pressekonferanse om dei nye nasjonale tiltaka.

Statsministeren peika på vaksineringa som det viktigaste verkemiddelet for å få smitten under kontroll.

– Dei som har tatt en oppfriskingsdose, har mykje lågare risiko for å bli innlagt på sjukehus. Det aller viktigaste tiltaket nå, er at folk tar imot de dosene de får tilbod om, sa Støre.

Nye råd

Her kjem dei nye nasjonale råda og eit par sterke lokale oppmodingar:

  • Munnbind:
    • Det er innført eit nasjonalt råd om å nytte munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta
    • Det gjer at vi ønsker at besøkande på sjukeheimen og Hadartun/omsorgsbustadane nyttar munnbind.
    • Hareid legesenter har innført munnbindpåbod (regel) for alle over 12 år i sine lokale
    • Det nasjonale rådet er å nytte munnbind på kollektivtransport, i taxiar, på butikkar og kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand.
      • MERK: I Ålesund og Sula kommunar er det påbode med munnbind i situasjonane over - det er ikkje berre eit råd.
  • Testing av skulelevar
    • Regjeringa rår kommunar med høgt smittetrykk om å jamleg teste skulelevar
  • Heimekontor
    • Kommunar med høgt smittetrykk og stor belastning på helse- og omsorgstenestene bør vurdere å innføre heimekontor.

Nye reglar

Regjeringa har også innført nokre nye reglar – det går for det meste på krav om testing, karantene og isolasjon:

  • Om du bur med ein som er smitta, eller er tilsvarande nær – til dømes kjærast – må du halde deg heime til du får negativ test. Dette gjeld for vaksne uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.
    • For å sleppe karantenen må vaksinerte teste seg sjølv på nytt seinast etter sju dagar.
    • Uvaksinerte må teste seg kvar dag med sjølvtest eller annan kvar dag med laboratorietest (PCR)
  • For barn er ikkje dette ei plikt, men eit råd.
  • Blir du sjølv smitta av covid-19, må du i isolasjon i minst fem dagar. Dette gjeld både vaksinerte og uvaksinerte. Du må ha vore feberfri i minst 24 timar (utan febernedsettande) før du kan gå ut av isolasjon.

Omikron-reglar

Dersom det er mistenkt at du er smitta av den nye omikron-varianten blir isolasjon-, karantene og testkrava forsterka:

  • Du må i isolasjon i minst sju dagar
  • Bur du med ein smitta – eller er tilsvarande nær – må du i karantene i 10 dagar. Karantenen kan bli avslutta på dag sju med negativ laboratorietest (PCR).
  • Andre nærkontaktar må teste seg med laboratorietest så raskt som råd og mellom dag tre og sju. Dette er ein plikt. Dei blir også råda til å ikkje ha nærkontakt med andre.
  • Pliktane ovanfor gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus.
  • Dei forsterka pliktane ovanfor blir oppheva om det viser seg at smitten ikkje skuldast omikronvarianten (då gjeld dei «vanlege» isolasjon/karantene-reglane – sjå ovanfor).

 

Regjeringa stramma også inn innreisetiltaka. Dei kan du lese meir om her.