4. april: 58 registrert smitta førre veke

Smittetal held fram med å søkke.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

58 registrerte smitta er ein stor nedgang frå veka før. Då registrerte vi 92 smitta.

Sjølv om vi er over smittetoppen, oppmodar vi alle som får positive hurtigtestar om å registrere seg via dette skjemaet. På den måten kan vi halde oversikta over utviklinga, og eventuelt oppdage om talet går opp.

Personar som ikkje har fått boosterdose eller er under 16 år, kan dersom dei ønsker det få stadfesta hurtigtesten ved ein laboratorietest (PCR). Dette kan vere ønskeleg for å få grønt koronapass. PCR-test bestiller de frå legekontoret på telefon 70 30 70 70.