4. januar: Fire nye smitta sidan lille julaftan

Det har vore ein stille romjul på smittefronten.

 

Totalt er det meldt om fire nye smittetilfelle sidan førre rapport:

  • To tilfelle er gjestearbeidarar som kom i romjula. Desse var allereie i innreisekarantene og blei sett i isolasjon.

I går, 3. januar, kom det også melding om to positive:

  • Ein ung vaksen. Der er det totalt fire personar som må i karantene som nærkontaktar. Dette er familie og slekt
  • Ein vaksen. Her er det totalt 11 personar som må i karantene som nærkontaktar. Dette er familie og vener.

Begge dei smitta er i isolasjon.