6. desember: Ny mogleg smitte av covid-19 ved Hareid ungdomsskule

Elevar blir hurtigtesta.

 

Det er i dag meldt om ny mogleg smitte av covid-19 ved Hareid ungdomsskule på grunn av positiv hurtigtest. I tillegg har ein elev fått stadfesta positiv laboratorietest i helga.

Elevar på tiande og niande trinn har difor gjennomført hurtigtesting ved skulen. Føresette er informert.

Vi oppmodar alle om å teste seg og halde seg heime om de får symptom på luftvegsinfeksjon. Hurtigtestar kan hentast gratis frå "smittebrakka" ved det gamle legesenteret mellom klokka 1230 og 1330.

Dersom hurtigtest er positiv, skal du isolere deg og bestille laboratorietest hos Hareid legesenter på 70 30 70 70. Les meir om isolasjon- og karantenereglar på koronaportalen vår.

Det blir arrangert tentamen på ungdomsskulen i desse dagar. Vi legg opp til at alle skal få tatt tentamen, sjølv om dei ikkje kan kome på skulen på grunn av symptom eller karantene/isolasjon:

For elevar på 9. og 10.steg: Det er tentamen tysdag. Elevane har fått med førebuingsmateriell, og det ligg også på classroom. Det er fullt mogleg å gjennomføre tentamen over nett om nokon ikkje er heilt i form i morgontidleg.

For elevar på 8.steg: Det er lagt opp til tentamen i tysdag. Om eleven ikkje kan møte på skulen, vert det lagt til rette for ny tentamensdag før jul.