7.  desember: Nye strenge reglar og råd for å slå ned smitte

Regjeringa innfører nye reglar og råd for å halde kontrollen. Omikron-varianten gjer situasjonen alvorleg.

 

- Faren for overbelasting i helsetenesten og spreiinga av det meir smittsame omikron-viruset gjer det naudsynt med nye, strenge tiltak for å redusere sosial kontakt i samfunnet, sa statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansa der regjeringa la fram dei nye reglane og råda.

Her kan du sjå heile pressekonferansen, lese talen til Støre og sjå alle råd og reglar i detalj.

Statsministeren påpeika at vaksinane gradvis vil gjere oss meir immune.

- Håpet  ligg derfor nettopp i vaksinen. Til dykk som ikkje har tatt vaksine: Gjer det! Til dykk som får tilbod om oppfriskingsdose: Ta imot!, oppmoda han sterkt.

Vi oppdaterer koronaportalen vår så fort som råd. Hald deg oppdatert der.

Under følger dei nye reglane og råda. Dersom du er i tvil om kva reglane betyr for deg, kan du ta utgangspunkt i at intensjonen er at vi har færre sosiale kontaktar, slik at viruset har færre vegar å gå.

Dei nye tiltaka er delt inn i råd og reglar. Råd er sterke anbefalingar som vi vil at du skal følgje. Reglar er lovfesta forbod og påbod som du må følgje. Du kan bli straffa om du bryt desse reglane.

 

Reglar

Munnbind

Det blir påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs haldeplassar/stasjonsområder.

Munnbindpåbodet gjeld også hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.

Det er ei anbefaling å nytte munnbind i andre situasjonar der det er tett med folk.

 

Arrangement og samankomster

 

Private samankomstar: Maks 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale. Til dømes julebord, åremålsdagar, bryllupsfestar med meir.

Minnestund etter gravferder er eit unnatak. Her er grensen 50.

Seremoniar som gravferder eller vigsler er  offentlege arrangement og har andre reglar (sjå under).

Offentlege arrangement: Her skil vi mellom arrangement med faste tilviste plassar og arrangement utan. Faste, tilviste plassar betyr at deltakarane skal sitje same stad heile arrangementet. Det kan til dømes ikkje vere matbuffet, juletregang eller anna «mingling» under arrangementet.

Under begge arrangementsformene må det vere 1 meter mellom deltakarar som ikkje er husstandsmedlemar (eller tilsvarande nære).

På alle arrangement må det vere ein ansvarleg arrangør som sikrar at deltakarar som ikkje er frå same husstand (eller tilsvarande nære, til dømes kjærastar) held minst 1 meter avstand.

Tal på deltakarar:

På arrangement utan faste, tilviste plassar kan det maks vere 50 deltakarar.

På arrangement med faste, tilviste plassar kan de vere 3 kohortar med 200 deltakarar. Då må det vere minst 2 meter mellom kohortar.

Det blir innført sjenkestopp frå klokka 24 både på arrangement og serveringsstader.

Smittevernfagleg drift

Kommunar skal ta i bruk trafikklysmodellen i skule og barnehage. Nivået er førebels grønt, men det kan bli aktuelt å gå til gult nivå.

For å ha ope må følgande verksemder drive smittevernmessig forsvarleg:

Bibliotek, leikeparkar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige marknadar og liknande.

Verksemdene må sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstnad til personar som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære. Verksemdene må ha utarbeida rutinar for godt smittevern, hygiene, reinhald og utlufting.

Bransjerettleiarar blir innført for mellom anna treningssenter og svømmehallar.

Med unnatak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere namn på gjestene som samtykker til det.

Heimekontor

Arbeidsgivar er pålagt å legge til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over drift.

 

Råd

Avstand og sosial kontakt

Alle bør halde 1 meter til andre enn husstandsmedlemmar og tilstvarande nære. Rådet gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unnatak for vaksne som jobbar med barn, unge og sårbare grupper.

Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.

Møt helst andre utandørs.

Du bør ikkje ha meir enn 10 gjestar heime – utover dei du bur med.

I jule- og nyttårshøgtida kan du ha inntil 20 gjestar éin gong.

Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk av vener frå same klasse/kohort/avdeling sjølv om dei blir fleire enn 10.

 

Organiserte fritidsaktivitetar

Fritidsaktivitetar bør haldast utandørs så langt råd. Garderobar bør haldast stengt.

Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs for vaksne over 20 år, er rådet at det blir gjort i grupper på 20 personar.

Det blir anbefalt å halde minst 1 meter avstand, eller minst 2 meter med høgintensiv trening.

Det blir ikkje gitt konkrete råd om avstand/deltakartal når barn og unge deltek på idrett-, kultur- og fritidsaktivitetar.

Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

 

Skular og barnehagar

Kommunane må teste jamleg med høgt smittetrykk.

Det kan bli halde samankomster der heile klasser/avdelingar/kohortar er til stades (pluss naudsynt tal på vaksne) utan at reglane om arrangement blir brote.

 

Arbeidsliv

Råd om 1 meter avstand og heimekontor.

Råd om å nytte munnbind eller fysiske skiljeveggar der avstand ikkje er mogleg

 

God lufting

I alle situasjonar der personar som ikkje er husstandsmedlemmar er saman over tid, bør det vere god ventilasjon eller luftast ofte.