7. februar: Over 240 smitta sidan førre rapport

Ei bølgje av omikronvarianten er over oss.

 

Av dei over 240 smitta er 158 stadfesta med laboratorietest (PCR). Resten er personar som har meldt inn smitte via sjølvregistreringsskjemaet. Tala er noko usikre då det vil vere dobbeltføringar – det vil seie personar som både har tatt PCR og sjølvregistrert test. Sjå forklaring i botn.*

Tidsrommet for testane er frå torsdag 27. januar til og med søndag 6. februar – totalt 10 dagar.

240 smitta svarer til nesten 5 prosent av alle innbyggarane i Hareid kommune. I tillegg må vi rekne med at det er fleire som er smitta som ikkje har symptom, og som dermed ikkje testar seg.

- Vi forventar at smittetalet kjem til å halde seg høgt framover. Berre i dag har 50 personar meldt seg til PCR-testing. Så mange har vi aldri hatt før, seier smittevernlege Vidar Vollsæter.

Det er berre dei under 16 år eller dei som ikkje har fått tre vaksinedosar som skal teste seg etter positiv hurtigtest. Alle andre skal berre registrere seg i kommunen sitt sjølvregistreringsskjema. Lenke til det finn du her.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Mild sjukdom

Dei fleste som er smitta er unge vaksne, ungdom og barn. Det er mykje smitte særleg i skulane. Vi kjenner på noverande tidspunkt ikkje til personar i kommunen som er lagt inn på sjukehus på grunn av covid-19.

- Det er ingen dramatikk i dette. I snitt har vi hatt 24 smitta dagleg. Det er som forventa etter prognosane frå sentrale helsestyresmakter. Utfordringane for oss no er ikkje sjukdom, men knytt til sjukefråvær hos tilsette. Dei som er igjen gjer ein kjempejobb med å halde hjula i gang, seier ordførar og leiar av kriseleiinga, Bernt Brandal.

Når skal du teste deg?

  • Dersom du får symptom på luftvegsjukdom skal du halde deg heime og teste deg. Hurtigtestar får du gratis frå kommunen. Vi delar ut frå testbrakka i opningstida og helsehuset (inngang frå Strandgata). Les meir på koronaportalen.
  • Du bør også teste deg dagleg om du bur med ein smitta.
  • Barn under 16, som bur med ein smitta, treng ikkje å teste seg før dei eventuelt får symptom. Vondt i hovudet og lett feber er eit vanleg symptom.

Får du positiv test skal du registrere denne her. Er den med positiv test under 16 år eller ikkje har fått tre dosar (evt to dosar + covid), kan du også ta PCR-test. Det bestiller du via legekontoret på 70 30 70 70.

* Totalt blei det meldt inn 162 smittetilfelle i sjølvregistreringsskjemaet. Dei som i tillegg skal ta PCR-test er dei under 16 år eller som ikkje har hatt tre dosar med koronavaksine. 78 av dei sjølvregistrerte smittetilfella er under 20 år. Enkelte av desse kan vere «berre» sjølvregistrerarar, men det kan også vere dei over 20 som ikkje er fullvaksinerte og må stadfeste positiv hurtigtest med PCR. For å gjere det enkelt held vi dei under 20 år utanfor. Då står vi igjen med 84 teljande sjølvregistreringar.