7. mars: 238 smitta førre veke

Dei innrapporterte smittetala held seg stabile. Vi reknar med store mørketal.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Førre veke (28. feb-6. mar) fekk vi melding om 238 positive testar. 63 av desse var laboratorietestar (PCR).

Dette er om lag det same som dei førre vekene. Vi reknar med store mørketal sidan rådet er at vaksne utan symptom og barn ikkje skal teste seg.

Berre dei registrerte positive testane den siste fem vekene, 1183 totalt, utgjer nesten ein fjerdedel av alle innbyggarane våre. Og som sagt, dei store mørketala gjer oss grunn til å tru at mange fleire har vore smitta utan å ha visst det.

Vi oppmodar alle som får positiv test om å registrere det i skjemaet vårt. Dei som ikkje har fått oppfriskingsdose kan i tillegg få laboratorietest (PCR) for å få grønt koronasertifikat. Det same gjeld barn under 16 år. PCR-test bestiller du hos Hareid legesenter på 70 30 70 70.