8. november: To nye smittetilfelle førre veke

Det blei registrert to nye smittetilfelle i Hareid kommune i veke 44.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Den eine personen er smitta hos arbeidsgivar medan den andre blei smitta i anna kommune.

Vi ber alle som får symptom på luftvegsinfeksjon om å halde seg (eller barna) heime og ta ein hurtigtest. Hurtigtest får de utdelt frå «testbrakka» ved det gamle legesenteret mellom 1230 og 1330. Dersom testen er positiv, må du så raskt som råd ta ein «vanleg» test (PCR) for å stadfeste resultatet.

Biletet under kan du laste ned høgoppløyseleg her og printe ut. (PDF, 104 kB)