8. oktober: Tre nye smittetilfelle siste veka

Tre personar har testa positivt på covid-19 sidan førre fredag.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Desse tre er husstandsmedlemmar til elevar på Hareid ungdomsskule og Hjørungavåg skule. Elevar på desse skulane har derfor blitt hurtigtesta. Så langt har vi ikkje fått positive svar frå desse rundene.

Så lenge situasjonen er stabil og under kontroll, rapporterer vi berre smitte vekentleg. Du kan halde deg oppdatert på koronaportalen vår

Vi deler ut hurtigtestar/sjølvtestarar til alle som treng på Helsehuset. Dei ligg til henting i fyrste etasje mot Strandgata. Inngang mellom ambulansegarasje og biblioteket. Vi vil berre at du hentar testar som du treng der og då. Vi ønsker ikkje at du hentar testar for å ha liggande i tilfelle. Gjer alle dette, har vi ikkje nok.