800 julebrev til nissen!

No har vi trekt ut dei heldige vinnarane av gåvekort frå butikkane i Hareid.

Klikk for stort bileteOver 800 brev låg det i julenissen sin postkasse då sjølvaste julenissen kom for å opne postkassa. Erlend Friestad   

Juleønskebreva kom frå heile Sunnmøre og var fulle av kjekke ønske om alt frå leiker og datasutstyr til koronavaksine og fred på jord. Til saman var det over 800 brev. Julenissen syntes det var heilt fantastisk! Sjå video under:

Alle som la juleønske i postkassen i Miljøgata var med i trekninga av gåvekort frå butikkane. Det same var alle som posta bilete i sosiale medium med emneknaggane #mitthareid og #vekstihareid.

Vinnarane er:

  • Circle K – Monja Kvalsvik
  • Bunnpris – Maylea Velle Eidsvik
  • Elon – Iver Törnqvist
  • Edesign – Ida Grimstad Beiermann
  • T.Riise – Ragna Dimmen Alvestad
  • Sport1 – Sander K. Thomassen
  • Kari I Grimstad – Vilja Jenny Kreku-Rise
  • Nille – Sondre Brune Slettebakk
  • Floriss – Emilia Holstad Volsund

Vinnarane er kontakta.

Postkassa kjem til å stå i Miljøgata i alle fall fram til jul. Vi vil samle inn breva som blir levert, men desse vil ikkje vere med i trekninga av gåvekort.

Tusen takk til alle som har bidrege med ønske og bilete!

God jul og eit godt nytt år når det kjem!