9. - 18. september er det nasjonal Strandryddeveke

Å plukke med seg plast og rask som ikkje høyrer heime i naturen, er ein fin liten innsats for staden vi bur på. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det mykje!

Personar som plukkar søppel på stranda. - Klikk for stort bilete Reinhaldsverket   

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, seg sjølv og ikkje minst naturen. For å verne om fuglane i hekketida, er veka flytta frå mai til september. Blir du med?

Korleis blir du med?

Du kan gjere det på din måte, anten åleine eller saman med andre. Lag og organisasjonar kan også "gripe ballen" og bli med.

Sjekk www.ryddenorge.no for å sjå om der er ein aksjon i nærmiljøet som du kan vere med på, eller du kan opprette ein ryddeaksjon sjølv.

Utstyr
Ta kontakt med ein av miljøstasjonane for utdeling av sekkar og hanskar. Servicekontoret på Hareid rådhus har og sekkar – berre kom innom! Vi får inn fleire sekkar i løpet av måndag 12.

Innsamla avfall skal leverast på miljøstasjon eller i den grøne containeren merka «Strandrydding», som er plassert mellom Hareid rådhus og Sparebanken Møre.

Takk for innsatsen for ei reinare kommune!

Klikk her for meir informasjon om Strandryddeveka