Alle mann til skuffene!

Alt tilgjengelig mannskap er ute og ryddar snø.

Snøen som fokkar seg fører til vanskelege køyreforhold. Køyr varsamt!

Tenk også over kvar du parkerer slik at du står minst mogleg i vegen for plogane.

Vinden er også ein utfordring for brøytemannskapet.

Har du innspel til brøytemannskapet, kan ein på dagtid kontakte leiar for uteseksjonen Harald Berstad på 970 37 770. På ettermiddag/kveld er vakttelefonen for veg, vatn og avløp rette instans: 970 62 360